STANDARDER OG STANDARDISERING
Forelesningsnotat for forelesningen tirsdag 2. september 1997.
Referanser:
Tanenbaum: 1.7 Network Standardization
Sitat:
Det fine med standarder er at det er så mange å velge mellom. Og dersom du ikke liker noen av dem som
eksisterer idag, er det bare å vente på neste års modell.
-Andrew S. Tanenbaum
The nice thing about standards is that you have so many to choose from; furthermore, if you do not like any of
them, you can just wait for next year's model.
-Andrew S. Tanenbaum in "Computer Networks" first edition, page 168.
The nice thing about standards is that you have so many to choosefrom. Furthermore, if you do not like any of
them, you can just wait for next year's model.
-Andrew S. Tanenbaum in "Computer Networks" second edition page 254.
Kvifor må vi ha standardar?
Standardisering er ein viktig føresetnad for at ein kunde skal kunne velgje mellom ulike leverandørar av
varer og tenester. Vi vel til dømes ein standard størrelse på papiret vi brukar, for at vi skal kunne velgje
papirleverandør uavhengig av kven som har levert skrivarar og kopimaskiner til oss. På samme måte har vi
standarder for lysfølsomheita på film slik at vi kan kjøpe film og framkalling uavhengig av kvafor
produsent som har laga fotoapparatet vårt. På nokre område er dette så sjølvsagt at vi ikkje ein
gong tenkjer over det. På andre område er det mindre opplagt.
I databransjen var det veldig lenge slik at leverandørane hadde sine eigne måter å gjere ting på, og skulle du
kjøpe eit datasystem måtte du kjøpe alle komponentane frå same produsent. Det var først ved introduksjonen av
PCen i 1981 at bransjen fekk ein leverandøruavhengig standard og den standarden har fått enorm aksept
og ført til ei eksplosiv utvikling av nye produkt og løysingar, og standarden tek stendig
større deler av den totale IT-marknaden.
Telekommunikasjonsbransjen er 100 år eldre enn databransjen, og det blei tidleg erkjent at standardisering var
viktig. Dei tidlegaste erfaringane med dette fekk ein nok når ei telegraflinje skulle knytast samen med ei anna
og det blei oppdaga at dei brukte heilt ulike tekniske løysingar som gjorde fordyrande
konverteringsutstyr nødvendig.
Det viktigaste svaret på kvifor vi standardiserer er altså at standarder er føresetnaden for
leverandøruavhengigheit og dermed konkurranse.
De facto og De jure standarder
De facto standarder blir etablert utan formelle prosessar ved at eit produkt blir spesifisert og produsert av
ein
aktør i en bransje og at fleire produsentar så vel å kopiere den same løysinga.
Ein defacto standard er altså ei teknisk løysing som blir akseptert både av bransjen og av kundene.
Ein de jure standard blir definert av en standardiseringsorganisasjon som har formell status
og som gjerne arbeider i internasjonale kommitear og arbeidsgrupper. Etablering
av slike formelle standardar er ein krevjande og langsom prosess og det blir
ofte inngått mange kompromiss for å få standarden definert.
Standardiseringsorganisasjonar
ITU-T (tidligere CCITT)
CCITT er ei forkorting for Comité Consultatif International de Télégraphique et Téléphonique, og det er det
gamle namnet på ein organisasjon som no heiter ITU-T. ITU er ein organisasjon under FN som steller med
standardisering og internasjonalt arbeid innanfor radio (ITU-R) og telekommunikasjon (ITU-T)
ITU-T utviklar og vedlikeheld mange hyllemeter med standarder. Dokumenta kan kjøpast frå Telenor,
statens Teleforvaltning, eller direkte fra trykkeriet i Sveits. Dei er også tilgengelige via Internett, men det kostar ein del å abonnere på denne tenesta.
ISO (International Standards Organization)
ISO er den øverste av standardiseringsorganisasjonane og dei nasjonale standardiseringsorgana som ANSI
(USA), BSI (Storbritania), DIN i Tyskland og NS i Norge er medlemmer. ISO steller med standardisering på
ei lang rekkje område. I somme tilfelle vel dei å gjere standardiseringsarbeidet i eigen regi, og arbeidet blir då
organisert i tekniske kommitear (TC) og arbeidsgrupper (WG). I andre tilfelle godkjenner ISO det arbeidet
som er gjort av andre organisasjonar, eller dei set bort arbeidet til andre.
Informasjon om ISO og standardane er tilgjengeleg på Internet, men sjølve dokumenta må
kjøpast frå medlemsorganisasjonane.
IEEE (Institute of Electrical and Electronics Engineers)
IEEE er ein proffesjonsorganisasjon i USA og dei utfører ein del standardiseringsarbeid innanfor elektro,
elektronikk og data. Også IEEE har nå informasjon om
organisasjonen og om standardane sine tilgjengeleg i WWW på
Internett.
Internet RFC (Request For Comments)
RFC er ikkje ein standardiseringsorganisasjon, men ein serie med tekniske dokumenter som omhandlar Internett.
Internett-standarder blir utgjevne som RFC, men ikkje alle RFCane er standardar. RFCane blir ikkje reviderte
med same RFC-nummer. Ein standard kan derfor vere definert av eit sett av RFCar der dei seinere nummera gjerne
inneheld presiseringar, rettingar, revisjonar og utvidingar.
For å få ei oversikt over RFC dokumententa kan du begynne med
RFC 1175 FYI on Where to Start - A Bibliography of Internetworking Information.
Siste delen av det dokumentet, 11. REQUEST FOR COMMENTS (RFC) gir oversikt over ein
del viktige RFCer.